Sitla Hotel Matta1379 25. april 2022

Sitla Hotel ligg sentralt plassert i Øvre Årdal. I koselege omgjevnader og til ein hyggeleg pris tilbyr me overnatting til deg som er på gjennomreise eller som vil bu sentralt nokre dagar for å oppleva Årdal. Til grupper serverer me frukost og middag. Hotellet er eit ypparleg utgangspunkt for turar i Jotunheimen eller i området rundt Sognefjorden.

Våre rom

Enkeltrom

Me har mange enkeltrom, med moglegheiter for tilpassing etter ditt ynskje. Kvart rom er unikt, så merk av når du bestiller dersom du ynskjer badekar, utsikt eller liknande.

Dobbeltrom

Dobbeltrom med moglegheiter for ei ekstra seng. Fine, romslege rom for par og små familiar. Kvart rom er unikt, så gi beskjed om du ynskjer badekar, utsikt eller liknande.

Langtidsopphold

Er du yrkesreisande eller har andre ærend i Årdal over ein kortare eller lengre periode? Då er Sitla hotel eit godt alternativ med den sentrale plasseringa i Øvre Årdal.

Sitla Hotel ligg sentralt i Øvre Årdal med kort avstand til naturperler som Utladalen Landskapsvernområde, Vettisfossen og Jotunheimen Nasjonalpark, og er dermed eit ypparleg utgangspunkt for turar i fjellet.

Litt kort historie

Sitla hotel har hatt ulike rollar opp gjennom. I starten fungerte det som i dag er Sitla hotel som ein ungdomsheim. På dette tidspunktet fanst det inga kyrkje i Øvre Årdal, så kjellaren på Sitla fungerte som kyrkje i Øvre Årdal nokre år.

I 1970 vart Farnes kyrkje bygd, og det som ein gong hadde fungert som kyrkje på Sitla vart no gjort om til uteplassen «Slusken». Slusken er eit lokalt tilnamn på rallarane – dei som arbeidde med å laga den imponerande gamlevegen oppover fjellet mot Heirsnosi i Årdal. Denne vegen kan du gå også frå Sitla hotel i dag, og er ein fin tur for deg som vil opp på «Tusenmeteren» og sjå kor flott bygda, Årdalsvatnet og Bøttejuvet tek seg ut i fugleperspektiv.

Uteplassen eksisterte berre nokre år, og sidan har ulike lag og organisasjonar disponert lokala til ulike føremål. I dag er Sitla eit sjølvbetjent hotel med god standard og ulike romkategoriar som passar ulike behov – både for langtidsopphald og korttidsopphald.

Mat og servering i nærheten

Sitla hotel samarbeider med Tya Bakeri i Øvre Årdal og Klingenberg hotel på Årdalstangen når det kjem til mat. På Tya Bakeri i Øvre Årdal er det mogleg å kjøpa seg kortreiste bakevarer og lunsj, eller ein kan bestilla catering, medan ein på Årdalstangen finn eit breitt mattilbod på Strondi restaurant, kafe og bar. Tya Bakeri ligg i tilknyting til Årdalsenteret i gangavstand (5-10 minutt) frå Sitla hotel. Strondi restaurant ligg på Årdalstangen 10 minutts køyring unna – med flott utsikt over Årdalsfjorden frå uteserveringa.

Ein kan også få matservering i somarsesongen på Vetti Gard Turiststasjon – dersom ein blir svolten i løpet av vandringa innover Folkevegen mot Vettisfossen. Vetti Gard Turiststasjon er betjent frå medio juni til medio september kvart år, og er ei oppleving ein verkeleg bør få med seg dersom ein er i Årdal.

Andre mattilbod i Årdal:
Mama Mia i Øvre Årdal (5 min gange)
Veekiosken (2 min gange)

Somarkafè ved Utladalen Naturhus frå skuleslutt kvart år

Våre fisiliteter
  • 21 dobbeltrom med dusj og toalett
  • 3 enkeltrom med dusj og toalett
  • 3 dobbeltrom med dusj og toalett i korridoren
  • 27 rom totalt
  • Mulighet for langtidsopphold
Aktuelt frå Klingenberg Hotel
Ekstrahjelp bar

Me treng fleire på laget og ser etter deg som er fylt 20 år og ynskjer å jobbe enkelte helger og kveldar framover.

Er du vår nye kokk?

Til stillinga som kokk søkjer me deg som er fagleg dyktig, fleksibel, målbevisst, lærevillig og effektiv.

Leie lokale?

Er det noko me likar så er det å hjelpa gjestene våre med å markera spesielle dagar i livet på høveleg vis.

Sitla Hotel

Ta kontakt ved spørsmål eller booking