Program Slingsby Matta1379 14. april 2024
Er du ein eventyrar?
Arrangørar: Slingsbystiftinga og Vettisriket

Bli med og marker at tindesportens far i Noreg, eventyrar og fjellklatrar engelskmannen William Cecil Slingsby, for 150 år sidan tok sin første fjelltur i Noreg. 

Etter å ha fått ein smakebit av Årdal og Vest-Jotunheimen i 1872, kom han attende til Klingenberg Hotel i 1874 og gjekk så til Ringsdalen, via Ringsskard.

Dersom du tek utfordringa, er møteplassen
Årdal & Vest-Jotunheimen 18. og 19. juli
Fotefara til Slingsby
Organiserte turar
Torsdag 18. juli

Bli med på fellestur Ringsdalen til Ringsbreen videre til Ringsdalen, eller Hjelle til Stølsmaradalen mot Avdalen og avslutter i Hjelle.

Foredrag ved eventyrarane
Stein P. Aasheim og Odd Eliassen
19. juli kl 17:00 på Klingenberg Hotel

Møt kjende og ukjende fjellfolk frå heile landet. Det blir servering av diverse mat/drikke og muligheit for mingling. Entre: kr. 300,- 

Program sommaren 2024

Slingsbystiftiga og Vettisriket samarbeider om å feira William Cecil Slingsby, tindesportens far i Noreg, sin første tur i Vest-Jotunheimen.  Etter fyrste vitjinga i Årdal og Noreg i 1872, kom han attende til Klingenberg Hotel og Vetti Gard Turiststasjon i 1874 og gjekk så via Stølsmaradalen og Ringsskard til Ringsdalen.  Etter kvart vart han ein hyppig gjest i Årdal og god ven med verten på Klingenberg Hotel, Jens Prestegård Klingenberg. Slingsbystiftinga er sett saman av Slingsbyfamilien, Yorshire Remblers Club, Årdal Turlag, Klingenberg Hotel og ikkje minst norske entusiastar.

ER DU EIN EVENTYRAR
Foredrag ved Eventyrene Stein P. Aasheim og Odd Eliassen
19. juli kl. 17.00 på Klingenberg Hotel.

FOTEFAR
Me oppmodar om å gå i Slingsby sine mange fotefar i Årdal og Vest-Jotunheimen. Kart over Slingsby sine turar i området er å få frå Klingenberg Hotel, Sitla Hotel & Apartments, Vetti Gard Turiststasjon og Avdalen Gard.

SJÅ STOREN FRÅ FJORDEN
Leige kajakk (Bulder og Brak, tlf. 975 22 139) eller tradisjonsbåt (Klingenberg Hotel, tlf. 57 66 58 00), padle / ro 10 minuttar og sjå velkjende Storen (Store Skagastølstind 2405 m.o.h.) frå fjorden. Slingsby var fyrstemann på toppen 21. juli i 1876.  Veteranbåten m/b Tya vil gå i skyttelfart både

18., 19. og 20. juli.  Ta bilete, vis fram og få 10% rabatt på overnatting på Klingenberg Hotel,  Sitla Hotel & Apartments og Vetti Gard Turiststasjon.

SIGNATURAR I FJELLET
Finna signaturane til Slingsby og Sulheim som dei sette ein stad mellom Skoddedalen og Midtmaradalen i 1877.  Dei første som finn dei vil, etter framvisning av bilete, få gratis helgeopphold på Klingenberg Hotel ev. Sita Hotel & Aparments eller Vetti Gard Turiststasjon.

Dei som seinare finn signaturane, vil få ein rabatt på 10% på overnattinga.

GUIDA BRE- OG FJELLTUR
18. og 19. juli:
Guida tur Ringsdalen – Ringsbreen – Ringsdalen. Bestill til Petter Løvdahl med sms tlf. 915 67 934.

ROTUR TIL FJELLS
Lån vår sognefæring (frå Klingenberg Hotel) og ro eller segle til fjells.  Endepunktet for båtturen er Nundalen der du kjem inn på Slingsby sine turar ev. andre ruter, f.eks. til Bøttejuv. 

Les korleis sognefæringen kom til Årdal på same måte som Slingsby for  150 år sidan

VETTISFOSSEN
275 meter fritt fall, freda i 1924 og dermed 100 års jubileum i år. Få magasug på ny sikker utsiktsplatform med flott design på toppen av fossen. Etter at Slingsby i 1872, hadde sett Tyssestrengene og Ringedalsfossen i Hardanger, ville han også sjå Utladalen med dei mange fossane, og spesielt Vettisfossen. Saman med turkameraten, Chris, starta han tidleg om morgonen frå Klingenberg Hotel, vart rodd over Årdalsvatnet, gjekk fram og attende, vart rodd over vatnet att og kom nøgd heim til kveldsmaten.

Vettisfossen er lika vakker i dag som den gongen og er eit syn alle må få med seg. 1,5 t. til fots frå Hjelle (parkering) til botten av fossen og 3 t. til toppen, nytt flott utsiktspunkt.

UTLADALEN NASJONALPARKSENTER
Triveleg Kafé – Utstilling om natur- og kulturhistoria i Utladalen og Vest-Jotunheimen. 

Her finn ein også ein seksjon om William Cecil Slingsby. Kun 10 min gange  frå parkeringsplassen på Hjelle. Kontaktperson Torunn Laberg, tlf. 975 22 139.

YORKSHIRE RAMBLERS CLUB
(etablert av Slingsby)

Planlegg fellestur med engelske og norske deltakarar frå Beito til Årdal i september / oktober i år.

Erling Eggum, Klingenberg Hotel tlf. 456 06 908 gjev nærare informasjon

Øvrige viktige attraksjons- og aktivitetsleverandørar i Årdal

BULDER OG BRAK
Fjellguiding, kajakkinstruksjon og – utleige.
Kontaktperson Torunn Laberg, tlf. 975 22 139.

TRADISJONSBÅTAR OG EL. SYKLAR
Klingenberg Hotel, tlf. 57 66 58 00

VETERANBÅTEN M/B TYA
Båtutflukt med m/b Tya.
Kontaktperson Anne K. L. Hæreid, tlf. 952 47 424

STRANDSTADEN INDRE OFREDAL
Flott restaurerte bygningar, som vassdreve mølle og sagbruk m.m. Tilgjengeleg med personbil eller båt.
Kontaktperson Harald Thune, tlf. 970 64 047

ÅRDAL JAKT- OG FISKEFORENING
Sal av fiskekort og utleige av jakt- og fiskebuer i fjellet.
Kontaktperson Vidar Moen, tlf. 913 88 642

Andre arrangement i Årdal i sommar
MÅLROCK 7.-8. juni, Årdalstangen
FJØSBLUES 22. juni, Avdalen Gard

TROPICAL TUESDAYS
Tysdager 9., 16., 23. og 30. juli i Hamnehagen / Strondi på Klingenberg Hotel

FREDNINGA AV VETTISFOSSEN
22. juni vert 100 års jubileet for fredninga markert i Utladalen Nasjonalparksenter. Senteret ligg kun 10 min. gange frå parkeringsplassen på Hjelle.
Kontaktperson Torunn Laberg, tlf. 975 22 139.

Sjå også Visitardal.no for meir informasjon

Kart over fotefara får du heile sommaren på Vetti Gard Turiststasjon, Avdal Gard, Sitla Hotel & Apartments og Klingenberg Hotel. 

Den siste eventyrer
Foredrag ved Stein P. Aasheim og Odd Eliassen

Odd Eliassen var første nordmann på Mt. Everest. Han var den første til å bestige Trollveggen, og han var den første til å gå på ski gjennom Dronning Maud Land i Antarktis, Atlasfjellene i Marokko, Kashmir i India, Zagrosfjella i Iran, den første til å krysse Island på ski etc etc.

Men aldri har han skrevet et ord om ekspedisjonene sine, aldri har han holdt et foredrag, og du finner han verken på Facebook eller Instagram. Odd er snekker. Han bygger hus til han har spart nok penger til neste ekspedisjon og trenger verken oppmerksomhet eller omtale.

Odd Eliassen er den siste eventyrer av den gamle sorten. Fra den gang man kjørte 6000 km i en folkevognbuss for å bestige det høyeste fjellet i Afghanistan eller Afrika.

Nå har Stein P. Aasheim, etter flere års overtalelse, fått lov å skrive boka om forbildet og turkompisen. Historien om Odd Eliassen er historien om den gang det var et eventyr å være en eventyrer.

Etter gjentatte boklanseringer for fulle hus og lange ventelister i Sør-Norge, kommer Odd Eliassen og Stein P. Aasheim endelig til Tromsø. 

Odd er altså første nordmann på Mt. Everest, han har førstebestigningen av Trollveggen, han er æresmedlem i Norsk Tindeklub, han har DNTs høyeste utmerkelse, og han har ellers en ekspedisjons-CV som ingen i dette landet kan matche. MEN – Odd Eliassen har aldri holdt et foredrag, han har aldri skrevet en artikkel, han har ingen profil verken på Facebook eller Instagram. Når han ikke er i fjellet eller på ekspedisjon, er han snekker. 

Nå har altså Stein P fått lov å skrive historien om sin gode venn og forbilde, også kalt «den siste eventyrer». På Verdensteateret mandag 27. november samtaler de om den gang det var et eventyr å være en eventyrer. 

Stein P: -Selv har jeg sikkert holdt over tusen foredrag. Men jeg har aldri, virkelig aldri, opplevd så mye rørende takknemlighet fra publikum som etter samtalene med Odd. I all beskjedenhet og fullstendig inhabil: Dette er verdt å få med seg

Høydepunkter i Vettisriket

Norrøna på turbesøk på Vetti Gard

I samanheng med Norrønas 90-års jubileum hadde me gleda av å ynskje teamet deira og 8 lojalitetsmedlemar velkomen på Vetti Gard.

Dramatisk natur på nært hald

Ein tur inn Utladalen, med utgangspunkt i Hjelle, gjev deg noko av det mest dramatiske norsk natur har å by på i løpet av kort tid.

4 opplevingar som er verdt ein omveg

Vettisriket gir deg fire opplevingar i Indre Sogn som verkeleg er verdt ein omveg. Desse opplevingane byr på større X-faktor.