Vetti Gard Matta1379 25. april 2022

Vetti Gard Turiststasjon har vore ein viktig stad for fjellfolk sidan fjellpionerane fann vegen innover Utladalen alt på 1800-talet. Edvard Grieg uttalte i si tid at han vart 10 år yngre for kvar gong han besøkte Vetti – og har ein først funne vegen dit èin gong, er sjansen stor for at ein vender attende. Garden har husa andre kjende folk også – som Nansen, Slingsby og Dronning Sonja.

Våre rom

Overnatting

I somarsesongen kan du overnatta på Vetti gard. Her finst både enkeltrom, twinrom, firesengsrom og sovesal på låven med køyesenger. Me har 30 senger fordelte på hovudhuset, Malastova og stabburet.

Jobbe som vertskap?

Vetti Gard Turiststasjon søker nytt vertskap for sommaren 2022. Sesongen startar 24. juni og tek slutt 4. september. Vertskapsrolla må delast mellom 2 personar i turnus da høgsesongen kan vera hektisk ved garden.

Tindevegsbussen

Ta bussen mellom Årdal og Turtagrø i sommar, og kom deg enkelt frå fjord til fjell eller omvendt. Perfekt transport for fjellfolk og vandrarar på tur i Jotunheimen og Utladalen. Book på nett for å sikra deg plass.

I dag er Vetti Gard Turiststasjon ein sommaropen gard som ligg i hjarta av Jotunheimen. Garden har 13 rom og totalt 30 senger, samt 6 kabiner med totalt 12 senger på låven. Ein kan også telta på grunnen som høyrer til garden. Garden har enkel matservering i sommarsesongen.

Litt kort historie

Vetti er ein gard med lang historie. Namnet Vetti tyder visst noko slikt som «eventyreng» – og koplinga til eit eventyrlandskap er forståeleg når ein ser på kontrastane mellom slåttemarka, fosseduren og nærleiken til den ville naturen. 

Frå gamalt av var heile Utladalen eit stykke utmark som høyrde til garden Vetti. Gamle kjelder seier at det var åkerbruk og korndyrking her i 1120. Som mange utkantgardar låg Vetti øyde etter Svartedauden. I 1601 var Vetti nemnd som øydegard. Frå 1603 er ein som heitte Eirik nemnd som brukar. Den noverande Vetti-slekta skal ha kome til garden i 1714.

Jørgen Anfinnson, fødd 1747, var truleg den første sjølveigaren i Vetti. Sidan har slekta vore bufast på garden fram til ut på 1980-talet. Fram til 1800-talet var det berre eitt bruk i Vetti. Seinare kom Lauvhaugen og Flaten til, først som husmannsplassar, seinare som eigne bruk. Vetti har hatt stølar mellom anna i Vettismorki og i Fleskedalen. Den siste vart tidlegare kalla Fleskenosdalen. Stølen i Fleskenosdalen var i bruk fram til 1953. I Vettismorki var det stølsdrift til 1968. På stølsvollen var det eit inngjerda område til slåttemark som vart hausta til slutten av 1950-åra.

Meir om Utladalen og Vetti gard si historie finn du i boka Utladalen og fjella omkring, skriven av Hans H. Thyri.

Våre fisiliteter
  • 21 dobbeltrom med dusj og toalett
  • 3 enkeltrom med dusj og toalett
  • 3 dobbeltrom med dusj og toalett i korridoren
  • 27 rom totalt
  • Mulighet for langtidsopphold
Aktuelt frå Klingenberg Hotel
Ekstrahjelp bar

Me treng fleire på laget og ser etter deg som er fylt 20 år og ynskjer å jobbe enkelte helger og kveldar framover.

Hamnehagen er open

Velkomen til stemningsfulle og avslappande dagar i hagen med god mat og drikke til nydeleg utsikt utover Sognefjorden!

Leie lokale?

Er det noko me likar så er det å hjelpa gjestene våre med å markera spesielle dagar i livet på høveleg vis.

Vetti Gard

Ta kontakt ved spørsmål eller booking