Hotelldirektør på djupt vatn
– Skrevet av Jan Egil Fimreite –
Hotelldirektør Erling Eggum (73) ved Klingenberg hotel på Årdalstangen fekk det føre seg at han ville kjøpa ein sognefæring som han kunne tilby hotellgjestene til bruk både i Årdalsvatnet og fjorden ved hotellet. Den fekk han tak i nord for Bergen.
No er ikkje denne hotelldirektøren som andre hotelldirektørar. Normalt ville folk frakta båten på hengar til Årdal. Nei, han ville sjølvsagt ro og segla båten inn til Årdal, inst i den 20 mil lange Sognefjorden. Det skulle bli ein tur med mykje viderverdigheitar.
Det skjedde litt av kvart, ja, seier direktøren, trygt heime på hotellet i Årdal. Men eg hadde sagt det til så mange vener og kjende at eg hadde eit visst press på meg til å gjennomføra. Eg ville også få ei oppleving og ei avveksling frå kvardagen på hotellet. Litt marknadsføring tenkte eg også.
Det var tilfeldig at han kom over båten. I utgangspunktet ville han ha båtbyggar Øyvind Hatlevoll til å bygga. Men han tilrådde i staden at Eggum skulle kjøpa ein færing han visste om, bygd etter gamal kunnskap. Eigaren hadde hytte i Fensfjorden ved Ostereidet, der båten låg.
Eggum prøvde å få med seg folk til turen, men alle takka nei. Og det var kanskje like bra. To saman i ein slik båt i 10 dagar kan bli i drygaste laget.
Nei, det var like greitt at eg var åleine. Det viktigaste eg hadde med meg, var ei dobøtte og ei vaskebøtte. Eg åt mykje sjokolade på turen og då eg har laktoseintoleranse, var det eit par gonger undervegs at dobøtta var veldig god å ha.
Lang tid til planlegging brukte han ikkje, sjølv om ambisjonane i forkant var store når det galdt HMS. Han stogga i Bergen og kjøpte det han hadde bruk for, som anker og ankertau. Sovepose hadde han gløymd, så han kjøpte dyne og pute på IKEA, i tillegg til eit flott liggeunderlag. Planen var å sova i båten.
Eg fekk ikkje tak i draft, men eg hadde Google maps på mobilen. Den inneheld ikkje så mykje informasjon som eit sjøkart, men det gjekk bra. Det var eigentleg bra at turen ikkje var så godt planlagd. Ikkje visste eg kvar eg skulle kvar dag og kvar eg skulle sova. Så det gjorde turen ekstra spennande.
På dag ein reiste han til Ostereidet på morgonen, saman med ein hjelpemann, fekk båten på vatnet og rodde over til ei rampe der dei skulle få båten opp på ein hengar og frakta han til Skjerjehamn, som var startpunktet for turen.
Rampen skulle visa seg å vera i brattaste laget, slik at då hengaren vart rygga ned, kom dei ikkje opp att verken med bil eller hengar. Det gjekk ikkje betre enn at hengaren datt i fjorden og hotelldirektøren måtte ut i vatnet og sikra han slik at den ikkje forsvann i djupet. Til alt hell fekk dei hjelp av ein ung bonde, Kennet Innvær, med traktor. Eggum dykka og fekk festa hengaren etter bonden sine instruksjonar og både bil, hengar og båt kom trygt opp på vegen.
Naturleg nok stimla det seg ein del folk for å sjå på kva som utspann seg i nærområdet. Dette var strilar som hadde greie på både båt og vatn.
Eg var nok litt flau, men det var alle tiders folk og me fekk ein hyggeleg prat om denne båttypen, som det synte seg at mange av dei hadde. Dei hjelpte også til med å festa båten på hengaren. Eg inviterte Innvær med familie til ei helg på hotellet som takk for hjelpa. Det sa dei ja til.
«Eg byrja å angra på at eg ikkje hadde gjort som båtbyggar Øyvind Hatlevoll sa, og lagt i stein som ballast i botten av båten.»
Bilturen til Skjerjehamn gjekk greitt, der dei overnatta før sjølve ro- og seglturen skulle starta. Ein tidlegare kjøkensjef ved Klingenberg var no kjøkensjef på hotellet i Skjerjehamn. Så han hjelpte dei med å få ut båten.
Det synte seg at strilane i Osteriedet kunne sine båtmannsknop, så dei fekk eit svare strev med å få opp att knutane. Men det gjekk til slutt.
No synte det seg at i vågen i Skjerjehamn låg ein del seglbåtar, blant anna havseglarar, med folk som mest truleg hadde god greie på segling. Så trygg var ikkje hotelldirektøren, så han torde ikkje rigga opp masta medan folk såg på.
Eg var redd folk skulle le av meg.
Dermed starta han med å ro. Han rodde forbi Eivindvik og fortøydde på ein fin plass like før Nyhammaren. Det var stille og fint vêr, han fekk også besøk av eit par kobbar som kom opp og kika på denne framtoningen frå industribygda. Han kasta anker og rodde litt nærare land før han skulle setja fast ankertauet. No hadde han ikkje festa ankertauet i båten. Dette oppdaga han like før ankertauet hamna i fjorden, men trass i eit utruleg tigersprang, nådde han ikkje tauet. Tauet var av den synkbare sorten, dermed måtte Eggum vinka farvel til både nytt anker og nytt ankertau. Han måtte difor fortøya i land og låne ein kabel som ein hytteeigar hadde strekt over like ved. Plassen var perfekt og direktøren la seg til å sova. Men det vart ikkje rare svevnen, då det vart iskaldt på natta.
Eg fraus skikkeleg og vakna klokka tre på natta. Då var det berre å byrja å ro att for å få varmen i meg.
Han rodde til Dingja, stogga der, åt og slappa av. Vidare gjekk ferda til Rutletangane, ein idyllisk plass med mange små øyer. Han såg etter ein passasje mellom øyane. Det første forsøket vart ein bomtur og han måtte snu. Men på det neste forsøket fann han ein smal passasje, som ikkje samsvara med kartet, men som så vidt gav plass for passering. (Sjå bilete).
Med godt ly på innsida av øyane, rigga Eggum opp seglet og fekk veldig fin bør eit langt stykkje innover. Så fint ver at han sigla til klokka 11 på kvelden.
Det gjekk strålande, eg kom veldig langt den dagen. Sidan det var fyrste gongen eg rigga og segla båten, var eg litt stolt over at det gjekk så fint.
Han kom seg heilt til Brekke og hadde alt bestemt seg for at han ikkje ville ligga ute meir. Han fortøydde båte og tok drosje til Brekkestranda hotell. Dagen etter provianterte han litt. Blant anna prøvde han å få tak i eit nytt anker. Det hadde dei ikkje, men han kom i prat med mange hyggjelege båtfolk.
Frå Brekke hadde han god bør innover fjorden, forbi Oppedal og Ikjefjord. Etter kvart auka det på med vind og direktøren tykte det byrja å gå i overkant fort. Båten tok inn vatn og la seg så mykje over at han byrja å bli lettare skræmd.
Eg byrja å angra på at eg ikkje hadde gjort som båtbyggar Øyvind Hatlevoll sa, og lagt i stein som ballast i botten av båten.
Mast og segl var rigga feil og skjøti for korte, så han fekk ikkje slakka av når situasjonen krevde det. Det enda med at han måte sleppa skjøti i otte for å kullsegla.
Tau og segl flagra inkolein. Eg var ikkje høg i hatten og prøvde å finna ei lun hamn.
Han tok peiling på neset ved Massnes og rekna med det var lunare forbi der. Men brått tok båten saka i eigne hender og byrja å gå rett mot land. Eggum prøvde å styra med åra og fekk omsider retta opp båten og kom seg rundt neset. (Sognefjorden er kjend for lumske vindar som sjøfarande i segelførande båtar ofte har fått føle).
Det må ha vore fallvind som kom i ein heilt anna retning enn den som var. Eller eg kan ha mista hovudet totalt, men eg vel å tru at det var ein fallvind som overraska meg.
Men der var det ein fin og lun plass å fortøya og Eggum steig i land. Problemet var at det var glatte svaberg der. Han sklei og ramla i sjøen. Heldigvis hadde han redningsvest, av den oppblåsbare typen.
Så han vart liggande å plaska og duppa i vatnet før han kom seg i land. Han hadde også ekstra redningsvest og klesbyte og fekk rigga seg til med duk han festa i nokre tre. Til alt hell, då det kom eit skikkeleg regnvêr. Det vart ikkje mykje soving då heller, så han vart tidleg på farten att. Han torde ikkje å setta segl, men rodde innover på sørsida av fjorden.
Eg hadde planlagd sopass at eg følgde straumen innover. Medvind hadde eg også, så det gjekk ikkje så gale.
Eggum kom seg til Ortnevik og fann fram til Brekke Cabins. For ute ville han ikkje liggja. Der var det fantastisk flott standard og han fekk ein hyggeleg prat med kårkallen Anders Brekke. Som også hadde god peiling og erfaring med sognefæringar.
Det var ein skulpturpark der, med små elvar og store dyr skorne ut med motorsag. Ei eiga stavkyrkje var det også og eit eige kraftverk til garden.
Dagen etter tok han peiling på Arnafjorden. Det vart ei skikkeleg tung økt med store bølgjer og krapp sjø. (På grunn av fjordarmar og bend på hovudfjorden er strekninga Finnebotten – Vangsnes kjend for spesiell sjøgang og straumar).
Eg kan ikkje seia at eg treivst då heller. Ein flott havseglar frå New Sealand, utan segla oppe, kom burt til meg og lurte på, «are you ok?». Sjølvsagt svara eg, «everything fine…». Men heldigvis kom eg etter kvart inn til ein oppankringsplass som heitte Kaldagjelet.
Men kva no? Ute ville han ikkje sova, men no ville det seg slik at Leidulf Finden hadde lese om at landkrabben skulle ro frå Skjerjehamn til Årdal og ville halda litt utkik etter han på grunn av litt skarp sjø. Finden var tidlegare kollega med Egon Moen i dåverande Indre Sogn Sparebank. Moen ringde til Eggum og formidla kontakt med Finden.
Eg ringde og forhøyrde meg litt om moglegheit for å koma i land i Arnafjorden og overnatta. Han tilbydde seg omgåande å losjera meg, sa kvar eg kunne fortøya båten og henta meg med bil.
Heime hjå Finden fekk Eggum både dusj og mat og eit eige rom. Dagen etter rodde han vidare innover fjorden, mot Vangsnes. Sjøen var like krapp og han likte seg ikkje den dagen heller. Det var ingen vits i å ro, han måtte berre halda båten i rett retning ved hjelp av årane. Han kom seg forbi neset ved Ligtvor, der det var ei flott brygga å legga til ved. Å styra med årane hadde krevd sitt innover og Eggum var redd for at hamlebanda, som han stikk årene gjennom, skulle ryka. Han ringde Finden og lurte på om han kunne skaffa han nye vidjeband. Finden kom med nye, men fann ut at dei som var på båten, ville halda i massevis.
Finden må ha sett at Eggum hadde hatt ei stri tørn den dagen, og tilbydde han endå ei natts overnatting, med breiflabb på menyen. Det kunne ikkje Eggum takka nei til. Finden la seg på gangen og Eggum fekk gjesterommet.
Turen vidare gjekk langs land ut mot ferjeleiet på Vangsnes. Der setta han segl, men i vinden fekk han ikkje segla skikkeleg opp. Så kom ferja.
Eg ,måtte berre lata det stå til, og hadde retten på mi side. Eg hadde då heller ikkje moglegheit til å manøvrera meg vekk og vona at dei ville sjå meg på ferja. Det vil seia, eg trudde eg hadde retten på mi side, men eg var ikkje sikker. Så eg vart veldig engsteleg medan eg rota oppe i hovudet mitt for å finna ut om eg hadde retten på mi side eller ikkje.
Men fergemannskapet fekk tydelegvis auga på den sjøfarande, brått slo ferja akterover så heile ferja rista, medan hotelldirektøren pusta letta ut og sneik seg vidare innover Sognefjorden. Han fann ei roleg bukt og fekk rigga opp seglet nokolunde. Då gjekk det fort innover mot Feios. Men det var ikkje så enkelt.
Eggum brukte den eine handa til storseglet og den andre til roret, medan lina til seglet framme var surra rundt foten. Då kom krampen så heile direktøren rista. Tankane vandra då til bror til oldefar til Erling. Han skulle gifta seg og hadde vore i Balestrand med båt for å henta brudgomsdressen. På turen tilbake til Feios kullsegla han og drukna.
Eg må vedgå at eg tenkte litt på det. Men sende tankar opp til bror til oldefar då og tenkte det kunne vera greitt om han ville hjelpa meg litt vidare innover fjorden.
Han kom seg trygt til Feios og ei fin hamn der. (I si tid heimehamn for fleire sognajeketer, mellom anna jekta til oldefar hans). Ein velvillig butikkeigar køyrde han fram og tilbake til Vangsnes, der han overnatta.
Vertskapet på gjestehuset fortalde korleis sognajektene i gamle dagar ofte hadde lege på Vangsnes og venta på den rette vinden før dei segla vidare mot Bergen. Det kunne ofte gå lenge før vinden kom og skjenkestova gjorde god butikk på mannskapa som kom på vitjing. (Sjå bilete)
Vidare innover fekk han skikkeleg vind forbi Fresvik og båten byrja å ta inn vatn att. Vinden førde han innover, med segla i full uorden. I ei vik mellom Hønsaneset og Gagelsneset, fekk han roa seg ned litt. Forbi Gagelsneset vart det heilt stilt, men han kom seg til Frønningen der han kontakta Wilhelm Rumohr, som driv det herskaplege hovudhuset på godset. Rumohr var på Leikanger, men ville koma innover. Han ordna det slik at Eggum fekk husly i mellomtida.
Eg fekk både kake og fruktvin i hovudhuset då Rumohr kom.
Vidare innover møtte han Per Haugen i Listerbåt ved Kaupanger. Det byrja å blåsa litt og dei fekk lagt båtane inntil kvarandre medan dei rigga opp segla. Dei fekk då ei veldig fin kappsegling innover og det viste seg at sognefæringen glei så lett i vatnet at Listerbåten vart liggande etter.
Det er fint å sigla når ein har kontroll.
Dei kom til Strendene, der dei møtte Anton Kjærvik og vart tilbydd både mat og drikke. Dagen etter gjekk turen til Ofredal, der dei vart møtte med flagg og vafler. Då hadde dei næring til resten av turen inn til Årdal, der Egon Moen og 10-15 personar stod og venta med flagg.
Dei hoia og skreik då me kom, det var ein fin velkomst.
Eggum fekk seinare båten til Ornes, der dei fekk rigga opp båten skikkeleg så han slepp krampe på neste tur.
No vonar han hotellgjester og andre vil nytta seg av tilbodet med tur i ein ekte sognafæring.
Høydepunkter i Vettisriket
I samanheng med Norrønas 90-års jubileum hadde me gleda av å ynskje teamet deira og 8 lojalitetsmedlemar velkomen på Vetti Gard.
Ein tur inn Utladalen, med utgangspunkt i Hjelle, gjev deg noko av det mest dramatiske norsk natur har å by på i løpet av kort tid.
Vettisriket gir deg fire opplevingar i Indre Sogn som verkeleg er verdt ein omveg. Desse opplevingane byr på større X-faktor.