Kampanjer Matta1379 26. april 2022
Våre pakketilbod
Book eit opphald på Klingenberg hotell i dag!

Julebordsweekend i Årdal

Velkomen til julebordsweekend med nydeleg tradisjonsrik julemat og god stemning. Me pakkar gjerne helga full med opplevingar og aktivitetar i bygda, ta kontakt for ei innhaldsrik helg i Årdal.

Gjeld helgene:  25-27. november, 2-4. desember og 9-11. desember

Overnatting fredag til søndag inkl. frukost og julebord fra kr. 1995,- pr. person i twin.

Bedriftspakke

Kva er inkludert:
Overnatting ei natt enkeltrom
Frukost
Møtelokale
Frukt, kaffe/te, isvatn
2-rettars lunsj og 3-rettars middag

Pris per pers. frå kr. 1995,-

Opphald og 3-retters middag

Idyllisk plassert der Sognefjorden går på land og ved inngangen til “fjellsportens vugge” kan du nyta ein smakfull 3-retters middag stille og tilbakelent frå kvardagens plikter etterfulgt av ei god natts søvn.

Kva er inkludert: Overnatting ei natt, 3-rettars middag og frukost

Pris per pers. frå kr. 1395,- (gjeld 2 pers. i twin)

Topptur til Bøttejuv

Unn deg eit opphald i Årdal med tur til spektakulære Bøttejuv. Les meir om turen her

Kva er inkludert: Overnatting i twin rom, inkludert frokost. Nistepakke til turen opp til Bøttejuv og turkart, samt 3-rettars middag turdagen.

Pris per pers. frå kr. 1995,- for 2 netter (2 pers. i twin)

Hausttur til Vettisfossen

Unn deg eit opphald i Årdal med tur til mektige Vettisfossen. 
Les meir om turen her

Kva er inkludert: Overnatting i twin rom, inkludert frokost
Nistepakke til turen opp til Vettisfossen og turkart pluss 3-rettars middag turdagen.

Pris per pers. frå kr. 1995,- for 2 netter (2 pers. i twin)

202 turar i mektig natur

På tur i Årdal inneheld alt du treng å vita for å koma deg ut på tur i det fantastiske landskapet inst i Sogn. Her er både Falketind og Austanbottstindane i Jotunheimen, Vettisfossen og Byttejuv, Heirsnosi og 1000-meteren, og rusleturar i bygdene Årdalstangen og Øvre Årdal. Vi er også innom nabokommunane Lærdal, Luster og Vang.

På tur i Årdal gjev inspirasjon og informasjon og rikeleg med bilete. Alle dei 202 fottturane er teikna inn på 46 gode, spesialteikna kart. Boka syner kvar turane startar og kvar rutene går. Kvar tur har fyldig omtale, vanskegrad, lengde, høgdeskilnad og tidsbruk. Boka er inndelt i 11 turområde: Naddvik, Årdalstangen, Øvre Årdal, Rausdalen, Tyin, Utladalen, Fardalen, Seimsdalen, Ofredalen, Filefjell og Lærdal.

På tur i Årdal, av Jonny Asperheim
Boka er utgjeven i samarbeid med Årdal Turlag

Pris kr. 475,- inkludert frakt

Boka blir sendt ut når betalinga di er registrert på vippsnr 714417

Høydepunkter i Vettisriket

Norrøna på turbesøk på Vetti Gard

I samanheng med Norrønas 90-års jubileum hadde me gleda av å ynskje teamet deira og 8 lojalitetsmedlemar velkomen på Vetti Gard.

Dramatisk natur på nært hald

Ein tur inn Utladalen, med utgangspunkt i Hjelle, gjev deg noko av det mest dramatiske norsk natur har å by på i løpet av kort tid.

4 opplevingar som er verdt ein omveg

Vettisriket gir deg fire opplevingar i Indre Sogn som verkeleg er verdt ein omveg. Desse opplevingane byr på større X-faktor.