VETTISRIKET RESORT
Der Sognefjorden går på land og møter Jotunheimen
Vettisfossen
Previous
Next
Turbeskriving
Vettifossen er det høgste verna fossefallet i Nord-Europa med eit fritt fall på 275 meter. Vettifossen er kåra til Noregs vakraste foss – ikkje utan grunn! Den vanlegaste måten å oppleva fossen på er ved å gå Folkevegen til Vetti, og deretter vidare på sti til fossen. Dette tek vanlegvis 3-4 timar. Vegen opp er rik på naturopplevingar. Fossen er og kjent frå litteraturen.
I boka «Under storen» skriv Jan Schwarzott:
”For ved å syna seg eineståande velskapt, veit Vettisfossen råd for eit oppbod av høve til opplevingar som ikkje finst annan stad i verda. Trass i enorme dimensjonar let dronninga seg sjå frå alle tenkjelege kantar, stadig med uhindra utsikt til heile det beine fallet».
Meir informasjon finner du på www.visitardal.no
Om turen
- Start- og sluttpunkt: Hjelle
- Parkering: ved Hjellefossen
- KM: T/R 13,5 KM (nedsiden)
- Infotavle ved parkeringsplassen
- Høgdeskilnad: 75–360 moh.
- Tidsbruk: t/r 4 timar
Previous
Next