«Ne`fø sjøen»

«Ne`fø sjøen» Matta1379 15. juni 2022
Indre Ofredalen «Ne`fø sjøen»
Turbeskriving

Køyrer du gjennom tunnelen frå Seimsdalen til Ofredalen og følgjer vegen heilt ned til fjorden, så kjem du til eit historisk anlegg. 

Frå tidleg på 18-hundretalet og fram til siste verdskrigen var dette vesle fjordsamfunnet, Indre Ofredal, ein travel stad basert på vatn som drivkraft til mølla og sagbruket. Skogen i Ofredal hadde, og har, god kvalitet. I Ytre Ofredal fanst det eit steinbrot – og kvit granitt frå dette steinbrotet finn du i dag på Grand Hotel i Oslo. Produkta frå sagbruket i Indre Ofredal vart frakta til Bergen med eigen sognejekt og attende hadde ein med kjøpmannsvarer som vart vidareselde til sogningar som kom i robåt for å handla og mala korn. Den gamle mølla, som er laga i tre, kan du framleis sjå den dag i dag. Open somarkafè og hyggeleg vertskap!

Om turen