Blåberggruvene

Previous
Next
Turbeskriving
Frå garasjane i Øvstetun følgjer du bilvegen opp mot Fardalen til 4. svingen, der du kryssar Fardalselvi over brui. Herfrå fylgjer du merka sti med enkelte bratte parti opp mot Skarpenord og Blåberggruvene.
Ved utkikspunktet på Skarpenord får ein flott utsikt mot Årdalsvatnet, Nundalen, Byttejuv og Årdalstangen i det fjerne. Vidare oppover er det småkuppert og tydelig oppgådd sti, før du kjem til eit noko brattare parti mot ei ur.
Etter å ha passert uri er du straks oppe ved Blåberggruvene på 480 moh med nydeleg utsikt over Øvre Årdal og hårnålsvingane opp mot 1000-meteren. Ta deg tid til å utforske dei gamle kopargruvene som var bergverksdrift på 1700-talet.
For utfyllande turomtale sjekk ut boka «På tur i Årdal» av Johnny Asperheim

Om turen
- Start: Øvstetun
- Km t/r: 4,5 km
- Sesong: Februar - November
- Høgdeskilnad: 13 – 480 moh
- Gangtid t/r: 2,5 time
- Vansklighetsgrad: Middels krevjande
Høydepunkter i Vettisriket
Norrøna på turbesøk på Vetti Gard
I samanheng med Norrønas 90-års jubileum hadde me gleda av å ynskje teamet deira og 8 lojalitetsmedlemar velkomen på Vetti Gard.
Dramatisk natur på nært hald
Ein tur inn Utladalen, med utgangspunkt i Hjelle, gjev deg noko av det mest dramatiske norsk natur har å by på i løpet av kort tid.
4 opplevingar som er verdt ein omveg
Vettisriket gir deg fire opplevingar i Indre Sogn som verkeleg er verdt ein omveg. Desse opplevingane byr på større X-faktor.

Previous
Next