PersonvernerklærinG

1.Om Vettisriket

Eigar av denne nettsida er: Vettisriket Resort, 6885 Årdalstangen.

Epost: post@vettisriket.no. Tlf: 57 66 58 00.


2. Føremålet med vår handsaming av personopplysningar

I samband med kundeforhold må vi innhente opplysningar som namn, adresse, e-post, telefonnr, organisasjonsnummer og anna nødvendig informasjon. Dette er opplysningar vi utelukkande nyttar for å handtere ditt kundeforhold. Vi tek vare på opplysningane så lenge vi har eit kundeforhold. Du har rett til innsyn, retting og sletting av data vi har lagra om deg. Etter endt kundeforhold vil vi ta vare på data så lenge vi ser det hensiktsmessig for å hjelpe deg med eventuell historikk om du skulle ha behov for det.

3. Utlevering av personopplysningar til tredjepart

Utlevering av personopplysningar vil ikkje skje, med mindre det føreligg lovbestemt opplysningsplikt ovanfor offentlege myndigheiter.


4. Kunderegister

I vårt kunderegister lagrar vi normalt namn, bustadsadresse, epostadresse og telefonnummer. Vi lagrer informasjon om tenester og produkt du har kjøpt hjå oss. Dette er informasjon vi treng for å kunne oppfylle vår avtale med deg, administrere ditt kundeforhold, levere og fakturere produkt og tenester korrekt. Informasjonen blir lagra i vårt kundesystem så lenge det er tenleg for oss. Ønskjer du å få oversikt over kva vi har lagra og evt. bli sletta frå vårt kunderregister, sjå kapittel om Innsyn, retting og sletting av personinformasjon under. 

5. Informasjonskapslar

Vettisriket.no nyttar informasjonskapslar, også kalt cookies, på nettsidene. Ved å bruke nettsida vår samtykker du i at vi kan setje desse i din nettlesar. Cookies er standard Internett-teknologi som dei aller fleste nettstader nyttar. Vi nyttar denne kunnskapen for å tilby deg ei betre kundeoppleving neste gang du kjem til nettsida vår. Dei fleste nettlesarar, som Opera, Internet Explorer, Firefox, Safari etc, er innstilt slik at cookies blir akseptert automatisk. Om du ikkje ønskjer å akseptere cookies må du sjølv endre innstillingane i din nettlesar. Merk at denne innstillinga kan føre til at mange nettstader ikkje vil fungere optimalt.


6. Bruk av informasjonskapslar på denne nettsida

Eigar: Squarespace/Google Analytics

Føremål: Samle informasjon om korleis besøkande nyttar nettsida. Vi brukar denne informasjonen for å lage rapportar for å betre nettsida. Informasjonskapslane anonymiserer all informasjon. Dei seier noko om tal besøkande på nettsida, kvar dei kjem frå og kva sider dei besøker.


7. Informasjon i samband med kommunikasjon med oss

Vi lagrar opplysningar gitt via din kommunikasjon med oss. Dette er t.d. e-postar du sender oss og problem du rapporterar inn. Vi lagrar denne informasjonen for å gje deg best muleg service når du kontakter oss ved at vi kjenner historikken i ditt kundeforhold. 

8. Deling

Det er muleg å dele artiklar på nettsida i sosiale medium (Facebook, Twitter). Vidare handtering av data som blir delt i sosiale medium, vert regulert av din avtale med det aktuelle nettsamfunnet.

9. Innsyn, retting og sletting av personinformasjon

Etter personopplysningsloven § 18 har du som privatperson krav på innsyn i dei opplysningar som er registrert om deg. Innsyn kan ein få ved å henvende seg til Vettisriket på e-post: post@vettisriket.no. Dersom registrerte opplysningar er uriktige, ufullstendige eller du ønskjer å slette dine opplysningar, kan ein krevje dette i henhold til personopplysningsloven § 27.  


10. Ansvarleg databehandlar

Dagleg leiar i Vettisriket as er ansvarleg for handsaming av personopplysningar. Vedkommande er ansvarleg for at det vert gjennomført internkontrollar med omsyn til behandling av personopplysningar, og at evt. avvik frå gjeldande lovverk blir meldt inn og retta. Vi etterstrebar til einkvar tid å følgje gjeldande regelverk for personvern.

Har du spørsmål, ta kontakt på post@vettisriket.no.