Utladalen Camping

Ved inngangen til Utladalen finn ein Utladalen Camping med hytter, bubilplass og stor teltplass.
Campingen ligg flott til for turar i Vest-Jotunheimen. Like ved finn ein elva Utla, som er ei god sjøaure- og lakseelv. Fiskekort kan ein kjøpa på campingen. I området rundt campingen finn ein fleire flotte fossar; Hjellefossen, Avdalsfossen, Høljafossen og Vettisfossen. Vettisfossen er kåra til Noregs vakraste foss, og har eit fritt fall på 275 meter.

Utladalen Camping er eit godt utgangspunkt for turar på fjorden og i fjellet med Bulder & Brak Opplevingar.

Video frå Utladalen