Svalheim Gard

Svalheim Gard ligg i Utladalen, vel 3 km frå Øvre Årdal. Garden ligg flott til for turar i Vest-Jotunheimen. Garden har historie frå før vikingtida og ein finn spor av aktivitet alt frå yngre jernalder. Garden er nemnd i skriflege kjelder frå 1600-talet. Rett ved garden finn ein elva Utla, som er ei god sjøaure- og lakseelv. Fiskekort kan kjøpast på Utladalen Camping som ligg like ved. I området rundt campingen finn ein fossane Hjellefossen, Avdalsfossen, Høljafossen og Vettisfossen. Vettisfossen vart kåra til Noregs vakraste og har eit fritt fall på 275 meter. Svalheim Gard tilbyr enkle aktivitetar på staden som øksekast, slakk line mm, og samarbeider med Bulder & Brak Opplevingar om aktivitetar på fjorden og i fjellet.

Svalheim Gard.

Svalheim Gard.