Friluftsbad

Årdal har to flotte anlegg for friluftsbad - rett ved sentrum i både Øvre Årdal og på Årdalstangen. Årdal har med anlegget i Øvre Årdal mellom anna vore arrangør av NM i symjing, så anlegget held internasjonal standard.

Øvre Årdal

Bassenget i Øvre Årdal er 50x25 meter og vert oppvarma til 28 grader. Anlegget har også plaskebasseng for det minste, sklier og stort grøntareal for avslapping og aktivitetar. Bassenget har dusjar, toalett og garderobe. Rett ved sida av bassengområdet finn du også ein ny klatrepark for born med treningsstativ også for vaksne. Kioskutsal ved bassengområdet.

Årdalstangen

Bassenget på Årdalstangen har stupetårn i tillegg til plaskebasseng for dei minste, stort grøntareal for avslapping og garderobeanlegg.

Prisar 2019

Born 6+: Kr 40,- (born under 6 år går gratis)

Vaksne 16 +: Kr 80,-

Friluftsbad