fjordcruise med M/B tya

 
tya.jpg

Fjordcruise med eit historisk sus

I slutten av juli 2019 kom endeleg M/B Tya til kai på Årdalstangen etter omfattande restaurering ved Ornes Båtbyggeri. Den flotte veteranbåten i «Riva-stil» vart i si tid bygd ved Bjørke Båtbyggeri i Rosendal i Hardanger. Båten har treverk i teak, mahogny, oregon pine og eik, og segla for første gong inn Årdalsfjorden i mars 1952. Etter omfattande restaurering ved Ornes Båtbyggeri i Luster er båten no klar for å på nytt segla inn Årdalsfjorden. Båten er restaurert tilbake til originale fargar med kvitt skrog og grønt tak. Båten vil ligga til kai ved Meierihopen Gjestehamn, og Årdal Sjøfront AS vil mellom anna tilby fjordcruise for turistar og grupper som ønskjer ei unik oppleving på Sognefjorden i ein båt med mykje historie.

Det var Årdal og Sunndal Verk som først kjøpte båten som representasjons- og ambulansebåt. Sidan den gang har båten hatt mange eigarar og vore brukt til fleire føremål. No, nesten 50 år etter, har Årdal Sjøfront AS teke eigarskap i båten, og føremålet er at den vil bli sett i trafikk som turbåt for turistar og grupper alt i månadskiftet juli/august. Båten tek 12 passasjerar.

Vil du booka tur med M/B Tya? Send ein epost til post@ardal-sjofront.no eller ring +47 975 22 139

Prisar:

Kr 3750,- pr time (gruppebooking)

Frå kr 675,- pr person

Tya%2C+Bilde+nr+1.jpg
Tya, Bilde nr 2.jpg