Målrock 9.-11. august 2019

Web_banner_slepp1jpg.jpg

Sommaren nærmar seg, og årets Målrock er verkeleg noko å få med seg. Musikkprogrammet held høg kvalitet med trekkplaster som Sondre Justad, The September When, Trang Fødsel, Staut og vår eiga Kaia Höl for å nemna nokre. Har du ikkje kjøpt deg festivalpass bør du sikra deg no! 

Målrock vil også i år by på eit variert friluftsprogram - slik at festivalpublikummet også får med seg nokre smakebitar av Årdal sin spektakulære natur. Årdal ligg midt i smørauga mellom Sognefjorden og Jotunheimen. Informasjon om dette kjem snart.