Fjordcruise med M/B Tya 10. august!

tya.jpg

I samband med at Målrock går av stabelen i Årdal kommande helg, set Årdal Sjøfront AS M/B Tya i rute mellom Årdalstangen og Indre Ofredalen frå kl 12:00 - kl 17:00 på laurdag 10. august.

Avgang frå Meierihopen Gjestehamn ca kvar heile time:
Avgang kl 12:00
Avgang kl 13:00
Avgang kl 14:00
Avgang kl 15:00
Avgang kl 16:00

Båtpassasjerane denne dagen blir dei første gjestene ombord M/B Tya etter restaurering, og får nytta seg av eit spesialtilbod på kr 500,- pr person for fjordcruise t/r Årdalstangen - Indre Ofredal. Førstemann til mølla! Oppmøte ved Meierihopen Gjestehamn utanfor Klingenberg Hotel på Årdalstangen.

M/B Tya tek 12 passasjerar pr tur.