Overnatting ved fjorden i Ofredal

Litt historie

Frå tidleg på 18-hundretalet og fram til siste verdskrig var det vesle fjordsamfunnet, Indre Ofredal, ein travel stad grunnlagt på vatn som drivkraft til mølle og sagbruk. Skogen i Ofredal hadde, og har, god kvalitet. Produkta frå sagbruket vart frakta til Bergen med eigen sognejekt, og med seg attende hadde sognejekten kjøpmannsvarer som vart vidareselde til sogningar som kom til Ofredalen i robåt for å handla og mala korn. Den gamle mølla, som er laga i tre, kan du framleis sjå den dag i dag.

Indre Ofredal var også hovedsæte til ordføraren i Årdal frå 1860 fram til midten av 1890, han hadde då kontor i andre etasje på sjøbua.

Her var og første telegrafen i området, og postkontor var her og.


Overnatting

I Ofredalen kan du leiga både sjøbu og våningshus. Enten du vil overnatta eller ha eit festleg lag. Våningshuset inneheld fire rom med to senger på kvart rom.

Sjøbua har tre rom som vart pussa opp i 2016, det eine romme har dobbelseng, eit rom er familierom med dobbelseng med køye over og ei ekstra køyseng og rom nummer tre har 2 senger.

To av romma har utsikt utover fjorden.

Ring +47 481 06 439 - 57660044 for meir informasjon og booking, mail haraldthune@hotmail.com


English:

The old Indre Ofredal farm and rural industries centre lies at the bottom of the steep-sided Indre Ofredal valley. The farm is close to the Kleivefossen waterfall and the Sognefjord is its nearest neighbour. You can stay the night in Indre Ofredalen, in a rustic and beautiful farmhouse. For booking: call 57660044 or +47 481 06 439