Vetti Gard Turiststasjon

Vetti Gard Turiststasjon har vore ein viktig stad for fjellfolk sidan fjellpionerane fann vegen innover Utladalen alt på 1800-talet. Edvard Grieg uttalte i si tid at han vart 10 år yngre for kvar gong han besøkte Vetti - og har ein først funne vegen dit èin gong, er sjansen stor for at ein vender attende. Garden har husa andre kjende folk også - som Nansen, Slingsby og Dronning Sonja.

I dag er Vetti Gard Turiststasjon ein sommaropen gard som ligg i hjarta av Jotunheimen. Garden har 13 rom og totalt 22 senger. Ekstrasenger/madrasser kan plasserast på låven. Garden har matservering i sommarsesongen. 

Ring + 47 57665800 for meir informasjon og booking, eller send epost til post@vettisriket.no.

OPNINGSTIDER: 21. juni - 9. september 2018