Klingenberg Hotel

«Store Jens», Jens Klingenberg Prestegård, ein dugande skysskaffar og fjellførar, opna i 1861 Klingenberg skysstasjon. Gjestene var for det meste fjellklatrarar og fjellvandrarar som ville utforske Utladalen og Jotunheimen. I dag er dette Klingenberg Hotel. Hotellet er stolt av røtene sine, og vidarefører kjærleiken til naturen i interiøret. Med fjord og fjell rett utanfor vindauga, lever huset med naturen sine variasjonar. Bygget følgjer linjene i naturen, og fasaden vestover er ei langstrakt bølgje som ynskjer Sognefjorden velkommen på land.
Ring 57665800 for meir informasjon og booking.