Skogadalsbøen

Skogadalsbøen er staden for deg som ynskjer å oppleve det gode, gamle fjellmiljøet midt i Jotunheimen. Hytta ligg vakkert til i Utladalen ved foten av Gjertvasstind og Fannaråken. Flott utgangspunkt for fleire fine toppturar, som for eksempel Uranostind og Sagi.

Booking: skogadalsboen@turistforeningen.no

 Skogadalsbøen turisthytte. Foto: DNT

Skogadalsbøen turisthytte. Foto: DNT

Eidsbugarden hotell

Tradisjonsrike Eidsbugarden hotell ligg vakkert til i vestenden av Bygdin midt i hjarta av Jotunheimen. Dette er overnattingsstaden for deg som ønskjer ei heilt unik oppleving midt i den norske fjellheimen.

Eidsbugarden hotell ligg midt i Jotunheimen og er omringa av mektige totusenmeterstoppar på alle kantar. Eidsbugarden hotell er staden der du utfordrar deg sjølv og prøver noko nytt. Gjestene her skal få oppleva kva glede det gir å utfordra seg sjølv og naturen på ein sikker måte. Eidsbugarden er base for ei rekkje ulike aktivitetar og kurs som vil læra deg å oppleva fjellet frå andre perspektiv og innfallsvinklar.

Booking: post@eidsbugarden.net, tlf 413 86 000

 Eidsbugarden hotell i hjarta av Jotunheimen. Foto: www.eidsbugarden.net

Eidsbugarden hotell i hjarta av Jotunheimen. Foto: www.eidsbugarden.net