Utladalen Naturhus

Utladalen Naturhus opna i 1998 og har utstilling med informasjon om natur- og kulturhistoria i Utladalen og Vest-Jotunheimen. Huset har sommarkafe frå 20. juni til 20. august. Frå Utladalen Naturhus får ein og guiding av grupper til Avdal Gard og Vettifossen. Huset ligg på Skåri, ved Hjelle. Skåri var eit gammalt gardsbruk der drifta fyrst opphøyrte på 70-talet. I 1996 starta arbeidet med å restaurere kulturlandskapet.