Tya Bakeri | Kafè

Tya Bakeri er eit relativt nystarta handverksbakeri som ligg i sentrum av Øvre Årdal.  Bakeriet i Lom var ein klar inspirator for prosjektet då det starta i 2015, og Tya Bakeri har blitt eit populært innslag i lokalsamfunnet.

Tya Bakeri tilbyr kundane sine gode, lokalproduserte bakevarer utan kunstig tilsetjing og med bruk av lite gjær. Lang hevetid og bruk av eigen surdeig gir betre smak og god haldbarheit.

Varene sel dei i eige utsal i sentrum av Øvre Årdal, men også på Strondi kafè på Årdalstangen og på Vivendi i Lærdal. I utsalet finn du eit godt utval kaker frå konditorane deira, og dei tilbyr også påsmurte snittar, baguettar og sin eigen berømte foccacia.

Tya Bar serverer lokalt øl frå Tya Bryggeri og andre småskala bryggeri. Meir informasjon: www.tyabakeri.no