Fosseklatring

Bre og Fjell tek deg med på guida klatretur opp Avdalsfossen sine 175 meter i Utladalen! Foto: Bre og Fjell

Bre og Fjell tek deg med på guida klatretur opp Avdalsfossen sine 175 meter i Utladalen! Foto: Bre og Fjell

Fosseklatring

Drøymer du om ei skikkeleg utfordring? Bli med tindevegledarar frå Bre og Fjell på isklatring opp 175 m høge Avdalsfossen i Utladalen! Dette er ein unik sjanse til ei heilt spesiell oppleving!

Best Western Klingenberg Hotel tilbyr eigne prisar som inngår i denne pakka:

Enkeltrom inkl frukost kr 995,-

Dobbeltrom inkl frukost kr 1345,-

Weekendprisar:

Enkeltrom inkl frukost kr 1790,-

Dobbeltrom inkl frukost kr 2290,-

Bre og Fjell har ikkje tindevegledarar stasjonert i Årdal, så dei treng påmelding til turen seinast ein dag før ankomst. Ver venleg gje beskjed ved bestilling!

Pris på isklatreturen er frå kr 2500,-

Viktig informasjon:

Du treng godt med varme klede for å vera ute ein heil dag i minusgrader. Bre og Fjell stiller med alt nødvendig sikringsutstyr. Turen er ein dagstur på 6 timar totalt, som inkluderer gåturen inn og tilbake og 3-4 timar klatring. Vanskegraden er moderat, men ein bør ha klatra litt tidlegare for å vera med på denne turen.

I tillegg treng du:

  • Dagstursekk 30-50l
  • Solide, ganske stive fjellsko som er store nok til eit par tjukke sokkar
  • Gamasjar er ein fordel
  • Vindtett jakke/anorakk og bukse
  • Tjukk ullgensar/fleece/dun
  • Skjerf, lue, to par handskar/vottar, ekstra ullskokkar
  • Termos