Tindevegen

Tindevegen er ein sommaropen fjellveg som går langs tinderekkja i Jotunheimen mellom Årdal og Turtagrø. Den går opp i over 1300 meter over havet og er 32 kilometer lang. Tindevegen er også kalla "Noregs tak" og "Snarvegen gjennom Jotunheimen". Tindevegen er det kortaste ferjefrie alternativet mellom Bergen og Trondheim - og ein attraksjon i seg sjølv. På vegen får ein sjå mektig natur og mange vakre utsiktspunkt.

Mektig natur langs Tindevegen.

Mektig natur langs Tindevegen.