1000-meteren

Gamlevegen mellom Sletterust og Øvre Årdal er ein fin veg å sykla. Den svingar seg oppover til 1000 meter over havet. Vegen har ein tunnel som gjer at det kan løna seg å ha lykt på sykkelen. Vegen har panoramautsikt mot Hurrungane og god utsikt innover Utladalen, Øvre Årdal, Bøttejuvet og Årdalsvatnet. Ned frå høgste punktet går det rundt 40 svingar til grusvegen treff riksveg 53 nokre kilometer frå Øvre Årdal sentrum. Det vert arrangert løp frå Øvre Årdal til 1000-meteren - og turen opp svingane på gamlevegen frå Øvre Årdal er ein populær fottur også blant dei lokale. Status sesongen 2017: Vegen har til dels rasa ut enkelte stader på Sletterust-sida, så me tilrår folk å ta denne turen frå Øvre Årdal og opp til 1000-meteren og innover eit stykke for så å snu ned att same vegen. Ein må vera obs på steinsprang langs denne ruta. 

Video frå 1000-meteren på sykkel.