Naturhuset i Utladalen

Utladalen Naturhus ligg på Skåri, eit gamalt gardsbruk. Drifta på Skåri opphøyrte fyrst på 1970-talet. I 1996 starta arbeidet med å restaurera det gamle kulturlandskapet. Utladalen Naturhus vart opna i mai 1998, og blir drive av Stiftinga Utladalen Naturhus. Føremålet med stiftinga er å gje informasjon om natur- og kulturhistoria i Utladalen og Vest-Jotunheimen.

I Naturhuset finn du ei utstilling om natur- og kulturhistoria i Vest-Jotunheimen.

Somarkafe 20. juni-20. august.

Guida turar til Avdal Gard og Vettisfossen.