Paradisjuvet (Brennefjellet)

Beskriving

Turomtale

Frå «gamle Skihytta» tek ein sørover på godt merkt sti. Stien går i delvis lett terreng under Mastrehaugfjellet, til «bui på Brennderei», eller «Padlebu» som hytta vart kalla. Frå hytta kan ein ta turen ut til Paradisjuvet, eventuelt opp på Brennfjellet. Her får ein panoramautsikt mot Vikadalen, Årdalsnosi, Middagshaugane og fleire fjelltoppar i retning Lærdal.

Paradisjuvet. Foto: Elsa Rinde

Paradisjuvet. Foto: Elsa Rinde

Kvitingsmorki

Beskriving

Turomtale

Turen går i bratt skogkledd natur med fin furuskog. Rett etter Kloppemyri ser me Kvitingsmorki. Dette er òg Vestlandets høgstliggjande furuskog. Oppe mot høgfjellet ber landskapet preg av urskog. Her oppe finn du alle dei fire klovdyra våre - elg, hjort, rådyr og rein. Dette er eit landskapsvernområde.

Kvitingsmorki. Foto: Jonny Asperheim

Kvitingsmorki. Foto: Jonny Asperheim

Bøttejuv

Beskriving

Turomtale

Frå Strupesvingen går ein på traktorveg opp Strupane. Herifrå på god sti i kupert terreng til vegskilet der ein tek av til høgre mot Bøttejuv. Opp til Skår går det i skogkledd, bratt terreng. Eit stykke ovanfor Skår flatar stien ut, og ein følgjer denne eit stykkje, før ein skal ta til høgre. Frå Bøttejuv har ein panoramautsikt til blant anna Hurrungane og Øvre Årdal.

Utsikt frå Bøttejuv. Foto: Bjørg Bergum

Utsikt frå Bøttejuv. Foto: Bjørg Bergum

Eldegardsrunden

Beskriving

Turomtale

Stien går oppover langs fossen på høgre sida. Frå Eldegarden kan ein anten snu og gå same vegen tilbake, eller halda fram opp til Skåltråkle og vidare ned igjen til Brennborg. I Skåltråkle kan ein velja turruta til Løst eller til Kvernli.

På vegen opp mot Bøttejuv. Foto: Egil Jørgen Lund

På vegen opp mot Bøttejuv. Foto: Egil Jørgen Lund

Løst & Kvernli (Kvennlid)

Beskriving

Turomtale

Følg stien til høgre for fossen opp til Eldegard. I 300 meters høgde held du fram rett opp til Skåltråklè. Til høgre her kan ein velja turruta til Løst. Vidare til Kvernli tek du rett fram.

Utsikt frå Bøttejuv. Foto: Jonny Asperheim

Utsikt frå Bøttejuv. Foto: Jonny Asperheim

1000-meteren

Beskriving

Turomtale

Sjølve vegen er ein gamal grusveg som først var anleggsveg, deretter sommarbilveg over fjellet, men er no låst med bom i Rausdalssvingen. Når du kjem opp på 1000-meteren, har du panoramautsikt til Hurrungane med Storen (Store Skagastølstind) i front. Du ser òg godt Bøttejuv, Nundalen, Fardalen og Utladalen herifrå.

1000-meteren. Foto: Bjørg Bergum

1000-meteren. Foto: Bjørg Bergum

Hjelledalsrunden

Beskriving

Turomtale

Sjå beskriving av Heimre/Fremre Hjelledalen for første del av turen. Turen går så vidare til sela på stølane Hjelledalen. Vidare går du herifrå gjennom Hjelledalen via Øytjørni og Morkaskardet og får ei fin utsikt til Hurrungane før du går ned til Vettismorki. Vidare kan ein herifrå ta turar til Vetti gard eller gå tilbake same veg.

Utsikta frå Morkaskardet. Foto: Jonny Asperheim

Utsikta frå Morkaskardet. Foto: Jonny Asperheim

Heimre Hjelledalen og Fremre Hjelledalen

Beskriving

Turomtale

Bratt oppstigning til Brotet der taubana frå Hjelle gard kjem opp. Her oppe har du fin utsikt til Hjelle Gard, Avdalen, Hagaberg og Gravdalen, samt mange fine fjell, slik som Botnanosi (1387), Heirsnosi (1469) og Bøttejuv (1322). Vidare til stølen Heimre Hjelledalen og ev. Fremre Hjelledalen.

Heimre Hjelledalen. Foto: Jonny Asperheim

Heimre Hjelledalen. Foto: Jonny Asperheim

Vetti gard og Vettisfossen

turalternativ:

Turomtale

Følg Folkevegen frå Hjelle og fram til Vetti Gard.
Herifrå kan du gå vidare til vakre Vettisfossen (275m).

OVERNATTING VETTI GARD TURISTSTASJON

Vetti Gard Turiststasjon er open for overnatting kvar sommar. Du finn meir informasjon her: VETTI GARD TURISTSTASJON.