Målrock 3.-5. august 2018

highligths målrock.jpg

No nærmar det seg festivalhelg, og årets Målrock er verkeleg noko å få med seg. Musikkprogrammet held høg kvalitet med trekkplaster som Eva Weel Skram, Gåte, Åge & Sambandet og Kjartan Lauritsen. Har du ikkje kjøpt deg festivalpass bør du sikra deg no! 

Målrock byr elles på eit variert friluftsprogram - slik at festivalpublikummet også får med seg nokre smakebitar av Årdal sin spektakulære natur. Årdal ligg midt i smørauga mellom Sognefjorden og Jotunheimen, og du kan bli med Bulder & Brak Opplevingar på padletur, padlekurs og topptur og Adventure Tours ut på RIBtur på Sognefjorden.