Arrangement denne somaren i Vettisriket

Det er mange små og store arrangement i Vettisriket som du ikkje vil gå glipp denne somaren

 Du vil ikkje gå glipp av gratiskonserten med denne flotte gjengen 4. juli under Skåri i Utladalen.

Du vil ikkje gå glipp av gratiskonserten med denne flotte gjengen 4. juli under Skåri i Utladalen.

 

utladalen naturhus


24.06 Familiedag & Sigrid Moldestad-konsert                                kl 12.00-16.00        Billett HER.
04.07 Gratiskonsert med Karl Seglem Trio + Berit Opheim         kl 15.00-16.00         Info HER.

Utladalen Naturhus samarbeid med Nasjonalparkfestivalen under Storen  og Førdefestivalen om dei to nemnde arrangementa.  



TYA BAR


14.06    Fotball-VM blir synt på fleire skjermar på Tya bar            Sendeskjema for kampane ser du HER.
15.07    VM-Finalen blir synt på Tya Bar

Følg med på Facebooksida vår for oppdateringar kring fotball på Tya bar. Det blir også servert mat i samband med nokre utvalde kampar. Informasjon om dette blir lagt ut på Facebook. 


 


nasjonalparkfestivalen under storen

Dato: 22.juni-24. juni


 PÅ TUR: Lars Monsen og bikkja.  FOTO: STIAN AKER / NRK

PÅ TUR: Lars Monsen og bikkja.

FOTO: STIAN AKER / NRK

Lars Monsen til Utladalen 22.juli

Utladalen og Nordmannslepa, Dronningruta i Vesterålen og grenseland på Nordkalotten. Det er rutene Lars Monsen skal gå i sommar, medan NRK skal senda sakte-tv og Sommeråpent frå fotturar i den norske fjellheimen.

Lars Monsen og minutt for minutt-sendinga byrjer kvar dag klokka 11, og kjem fram klokka 16. Då slår han leir ute i terrenget. På kveldstid dei same dagane sender NRK TV Sommeråpent frå både leiren til Monsen og ein annan stad i same fjellområde.

Vil du vera med? Sjå meir info HER


Målrock 3.-4. august

Ein festival med sjel for deg som likar god musikk med fjordutsikt. Målrock går av stabelen i meieriparken heile i fjordkanten i Årdal kommune. Betre atmosfære får ein ikkje! Fullt program finn du på nettsida www.malrock.no.