Turen å gå i haust

Som eit øksehogg i landskapet strekk Utladalen seg innover Jotunheimen. FOTO: Lasse Aannevik

Som eit øksehogg i landskapet strekk Utladalen seg innover Jotunheimen. FOTO: Lasse Aannevik

Som eit øksehogg i landskapet strekk Utladalen seg innover Jotunheimen, og her finn du utgangspunktet for ein fjelltur du seint vil gløyma. 

- Det er verkeleg ikkje noko å lura på. Pakk sekken og kom deg ut på tur, seier Kurt og Janne Jevnaker, som er fulle av lovord om turen dei gjekk for nokre veker sidan. 

Janne og Kurt Jevnaker på tur. Foto: Privat

Janne og Kurt Jevnaker på tur. Foto: Privat

Ruta startar høgt til fjells ved Sognefjellshytta på Sognefjellet, følgjer god og merka sti til Skogadalsbøen Turisthytte, for deretter å halda fram over Friken og nedover Utladalen mot Vetti Gard i Øvre Årdal. 

- Dette er turen å gå i haust

- Turen startar i lett terreng ved Sognefjellshytta. Utsynet ein får når ein byrjer gå nedover dalen mot Skogadalsbøen er fantastisk flott. Me stoppa på ei lita seter med utsikt mot Skogadalsbøen, og det var berre heilt magisk å setja seg ned og nyta nistepakka der medan solstrålane gløtta fram ein augneblink. Dette er turen å gå no i haust, fortel Kurt entusiastisk. 

Kurt og Janne overnatta på Skogadalsbøen Turisthytte, og kan fortelja at dei vart tekne godt i mot av vertskap og personale der.

- Sørvisen på Skogadalsbøen er svært god, og det var herleg å koma fram til eit flott dusjanlegg etter ein noko regntung tur. Skogadalsbøen er ei velhalden DNT-hytte med strålande atmosfære, og det var luksus å kunna setta seg ned med ei kald sommarøl frå Tya Bryggeri då me kom fram, seier Janne. 

Vettisfossen

Imponerande Vettisfossen med sitt frie fall på 275 m. FOTO: www.bulderogbrak.no

Imponerande Vettisfossen med sitt frie fall på 275 m. FOTO: www.bulderogbrak.no

Dagen etter held dei fram turen over Friken og nedover Utladalen mot Vetti Gard. På vegen gjekk dei innom utkikkspunktet over Vettisfossen - som er eit imponerande skue. 

- Landskapet på denne turen er variert og spektakulært, uansett vêr. Det var ei fantastisk oppleving for oss! Stien er også så god at det er greitt å gå sjølv om det var både blautt og gjørmete dei dagane me var på tur, men å investera i gode sko er nok heilt nødvendig før ein legg ut på denne turen, seier Kurt.

Kurt og Janne brukte ca 4 timar frå Sognefjellshytta til Skogadalsbøen og ca 5 timar frå Skogadalsbøen til Vetti Gard. På Vetti Gard kan ein overnatta kvar dag fram til 10. september, og kvar helg fram til og med søndag 24. september. Skogadalsbøen Turisthytte stenger for sesongen søndag 17. september.

Nytt høvet før sesongen er omme og kom deg på tur i eit fjellområde av dei sjeldne!

 

 

 

Biletgalleri finn du her:

Takk til Kurt Jevnaker og Lasse Aannevik for lån av flotte bilete!