Eit padleeldorado rett ved Jotunheimen

Sognefjorden er eit kjend turmål for mange padlarar, men visste du at Årdal byr på ein fantastisk variasjon av ulike padleturar - både på fjorden, på Årdalsvatnet og på høgfjellet? Skal du til Sogn for å padla i sommar bør du legga turen innom Årdal.

1) Årdalsfjorden 

Årdalsfjorden strekker seg heilt frå Årdalstangen og ut til Fodnes der dei tre fjordane Lærdalsfjorden, Lustrafjorden og Årdalsfjorden møtest, Her er moglegheitene uendelege for både korte og lange turar, og om ein vil kan ein ta avstikkaren inn den vakre Lustrafjorden og padla heilt til Skjolden. På vegen passerer ein den flotte bygda Solvorn, og kan i tillegg gå i land på Urnes for eit besøk til Urnes Stavkyrkje. På veg ut Årdalsfjorden bør ein legga turen innom Indre Ofredalen "Ne`fø sjøen", anten for å overnatta eller for å nyta gode vafler medan ein beundrar dei historiske bygningane. Sjansen for å treffa på steinkobber her er stor - og ei flott naturoppleving for både stor og liten.


2) Årdalsvatnet

Trykk på biletet for å spela av filmen:

Årdalsvatnet ligg vakkert plassert mellom Årdalstangen og Øvre Årdal, og dei høge fjella og krystallklare vatnet byr på fantastiske padleopplevingar. Ein kan nytta både Årdalstangen og Øvre Årdal som utgangspunkt for å padla på vatnet, og ønskjer ein å forflytta seg frå den eine tettstaden til den andre har ein 9km med padling framfor seg. Det å oppleva dei kvasse fjellveggane som reiser seg opp frå vatnet på nært hald frå ein kajakk set spor i dei fleste, og ei unik perle er den fråflytta og veglause Nundalen. Der kan ein gå i land og vandra opp til den øvste garden som ligg omlag 500 moh, og nyta det flotte utsynet mot Jotunheimen. (Film: Bulder & Brak Opplevingar)


3) Torolmen på Sletterust

 Ein sein somarkveld på Torolmen på Sletterust. FOTO: Kristian Lien

Ein sein somarkveld på Torolmen på Sletterust. FOTO: Kristian Lien

Det flotte fjellvatnet Torolmen på Sletterust er eit vakkert turmål med kajakk ein sein somarkveld med god temperatur og blikkstille vatn. Det krystallklare vatnet gjer at du ser botnen nesten uansett kor djupt det er, og ein padletur her kan vera ein kjærkomen pause for trøytte føter som har trakka rundt på stiane i fjellområdet Sletterust.  

 


4) Tyinvatnet

Tyinvatnet kan vera eit utgangspunkt for mange flotte fjellturar, og ein sparar litt tid ved å kryssa vatnet anten i kano eller kajakk, i staden for å gå rundt. Kanskje ein kveldstur inn til Tyinholmen kan freista dersom du er på hyttetur i Tyinområdet? Borna kan fiska eller speida etter rovfugl - som det er mange av i dette området.