Informasjon om folkefest i Utladalen og bussruter 22. juli

 FOTO: Veri Media

FOTO: Veri Media

Søndag 22. juli kjem Lars Monsen vandrande nedover Utladalen som ein del av markeringa av DNT sitt 150-årsjubileum. Med på lasset har Monsen også med seg NRK si Minutt for Minutt-satsing.

Me ønskjer oss eit mylder av glade menneske i Utladalen denne dagen, og saman med gode samarbeidspartnarar inviterer me deg til folkefest.

Aktivitetane finn stad mellom kl 12 og kl 16:

1) Barnas Turlag arrangerer naturquiz på folkevegen frå Utladalen Naturhus til Vetti Gard - premiering ved Vetti Gard. Kafèen er open med servering av is og vafler. Sjå nærare informasjon på Barnas Turlag si facebookside.

2) Årdal Gålag arrangerer tur frå Utladalen Naturhus til Vetti Gard - sjå nærare informasjon på Årdal Gålag si facebookside.

3) Samling ved utsynspunktet over fossen ca kl 14:00
Song og bukkehornspel. Meir informasjon kjem.

Vetti Gard serverer rømmegraut og spekemat i kafèen denne dagen. 

Bli med på folkefest i Utladalen denne dagen (og ta gjerne med deg eit norskeflagg i sekken), og avslutt så dagen på Svalheim Gard der det vil bli direktesending med Sommeråpent på NRK. Sjå Svalheim Gard si facebookside for meir informasjon om Sommeråpent.

Me oppmodar alle om å ta sykkelen fatt for å koma seg til Hjelle denne dagen, då det nok vil vera stort press på parkeringsplassen på Hjelle.

BUSSRUTE I UTLADALEN 22. JULI

Årdal kommune set opp gratisbuss frå Årdalstangen/Øvre Årdal til Hjelle med avgang frå Årdalstangen klokka 12:00. Denne bussen returnerer frå Svalheim gard til ØÅ/Årdalstangen etter Sommeråpent kl 22:00 på kvelden.


Gratis buss frå Årdalstangen via Øvre Årdal skysstasjon til Svalheim/ Hjelle.

Frå Tangen 12:00

Frå Øvre 12:15

Til Hjelle 12:25


«Skyttelbuss» frå Hjelle via Svalheim gard til Øvre Årdal skysstasjon.

Frå Hjelle kl. 16.00 til 18.00

Billettpris kr. 50,-


Gratis buss frå Svalheim gard via Øvre Årdal skysstasjon til Årdalstangen

Frå Svalheim ca. k. 22.00


Ekstraavgang Tindevegsbussen Svalheim gard – Sognefjellshytta.

Frå Svalheim ca. kl. 22.00

Plass på denne bussen må førehandstingast seinast fredag 20. juli klokka 12:00 ved å sende e-post til: sogn@tide.no

Ein oppmodar og om førehandstinging til morgonavgangen til Turtagrø den 23. juli.

VELKOMEN TIL FOLKEFEST I UTLADALEN!