Fjelljom i Blåberg 5. august

Fjelljom.jpg

Familiekonsert i Blåberggruvene med konseptet «Fjelljom». Få ei konsertoppleving av dei sjeldne i dei nedlagde kopargruvene 420 meter over Øvre Årdal.

Karl Seglem er klar til å bergta publikum i Blåberggruvene. Han er rekna som ein av landets fremste jazzmusikarar og spelar like godt på bukkehorn som på saksofon. Kanskje har han også nokre dikt på lur.

Solbjørg Kvålshaugen er styrar ved Fondsbu Turisthytte og er kjend frå NRK-serien “Fjellfolk”. Saman med Verdsmannen Thorbjørnsen har ho i ei årrekkje trollbunde publikum med sterke dikt og vare tonar.

Frå Ellen Løvhaug Harrison vert det urframføring av eigenskrivne songar, med nære tekstar og ei stemme som få kan måla seg med. 

Arrangementet er familievenleg og gratis. Buss frå Årdalstangen kl 11:30. Turlaget går ca kl 12 i samla tropp opp mot Blåberggruvene. Ta gjerne med eigen mat og drikke.