5 barnevennlige opplevingar i Indre Sogn

Årdal og nabokommunen Lærdal har mykje å by på for den aktive barnefamilien. Ta med heile familien ut på eventyr!

1) Friluftsbasseng i Årdal

 Plaskebasseng for dei minste, 90 cm djupt basseng for symjetrening og stort basseng med vannsklier og oppvarma vatn. Her er det fritt fram å utfalda seg! FOTO: Årdal kommune

Plaskebasseng for dei minste, 90 cm djupt basseng for symjetrening og stort basseng med vannsklier og oppvarma vatn. Her er det fritt fram å utfalda seg! FOTO: Årdal kommune

I Årdal har det eksistert utebasseng heilt sidan 60-talet, og bassenga er framleis populære i bruk for både lokalbefolkninga og tilreisande. Bassengområdet består av tre basseng - eit plaskebasseng for dei minste, eit mellomstortbasseng for dei som øver seg på å symja og eit stort basseng med oppvarma vatn og sklier. Det lokale idrettslaget driv kiosk rett ved sida av bassenget, så her ligg alt til rette for at ein kan nyta dagen. Det oppvarma bassenget gjer at vêret ikkje er ei hindring - her kan ein bada uansett lufttemperatur. Friluftsbassenget i Øvre Årdal finn du 200 meter frå sentrum. Billett ved inngang.

Det finst også eit friluftsbasseng på Årdalstangen. Dette finn du rett bak Rådhuset. 


2) Humlesafari ved Utladalen Naturhus

 Humleinstruktør Åsmund Nordgulen tilbyr også kurs i humlekassebygging ved Utladalen Naturhus. FOTO: Utladalen Naturhus

Humleinstruktør Åsmund Nordgulen tilbyr også kurs i humlekassebygging ved Utladalen Naturhus. FOTO: Utladalen Naturhus

Utladalen Naturhus ligg ved inngangen til Utladalen landskapsvernområde. Her finn du turterreng som er lettgått også for born, både liten og stor kan boltra seg i vakker natur, plaska i rumpetroll-bekken under Skåri eller nyta verdas beste vafler i sommarkafèen til Naturhuset. Borna kan også bli med på humlesafari. Bestill på førehand ved å ringa tlf 959 92 135, så er de sikra at turen går. Ein finn ulike humleartar i området rundt Naturhuset, og borna får læra om kvifor humlene er så viktige i naturen vår. 

 

 

 

 


3) Idylliske Avdalen Gard

 Overnatt på Avdalen Gard eller bruk dagen her i idylliske omgjevnader. FOTO: www.avdalen.no

Overnatt på Avdalen Gard eller bruk dagen her i idylliske omgjevnader. FOTO: www.avdalen.no

Vandring i Utladalen er ei oppleving for både liten og stor. Dalen er svært frodig og djup, og byr på mektige fossefall og dramatisk natur. Tek ein turen frå Hjelle og opp til fjellgarden Avdalen Gard, kan ein overnatta i vakre omgjevnader eller berre besøka sommarkafèen for å eta gode vafler eller is. Turen til Avdalen Gard tek om lag 1,5 - 2 timar i lettgått terreng. Første del på grusveg, før ein tek av på ein sti oppover til fjellgarden. Sauer går på beite kring garden, så hugs å lukka alle grinder - og ein hyggeleg liten høneflokk byr på ferske egg til frukost for dei som ønskjer det. Meir informasjon her


4) Dekkjungelen på Tangen skule

 FOTO: Torunn Todal Laberg

FOTO: Torunn Todal Laberg

Dekkjungelen på Tangen skule er eit ynda mål for born og unge i Årdal, og vel verdt eit besøk også for tilreisande. Fri tilgang. Ta med mat og drikke og ro ned - her blir ikkje borna leie før det har gått mange timar. 

Dekkjungelen ligg i tilknyting til Tangen skule på Årdalstangen. Du finn det ved å køyra oppover langs Hæreidselva. Parkering ved skulen. 

 


5) Motorikkparken i Lærdal

Lærdal er nabokommunen til Årdal, og eit ynda turistmål i Indre Sogn. Det tek knappe 40 minutt å ta seg frå Årdal til Lærdal med bil. Her finst det mengder av opplevingar, og for barnefamilien vil eit besøk i Motorikkparken vera garantert suksess. Meir informasjon finn de her

 Motorikkparken i Lærdal ligg berre 40 min køyring unna Årdal, og er ein flott klatre- og aktivitetspark for heile familien. Foto: Lærdal Ferie- og Fritidspark

Motorikkparken i Lærdal ligg berre 40 min køyring unna Årdal, og er ein flott klatre- og aktivitetspark for heile familien. Foto: Lærdal Ferie- og Fritidspark