Årdal - alt inkludert

Tenkjer du at det hadde vore herleg med ei helg full av opplevingar, god mat og gode vener? I Årdal får du alt dette i ei komplett pakke som inkluderer alt frå a til å. Og vårt tips til deg: Hausten er eventyrleg vakker i Vettisriket. Her får du forslag til ei helgepakke som me nyleg testa ut.

 
Vertskapen på Vetti Gard tek i mot gjestene på Vetti Gard med stor glede.

Vertskapen på Vetti Gard tek i mot gjestene på Vetti Gard med stor glede.

Dag 1: Hjelle-Vetti Gard:

Ankomst Hjelle og omvisning i Utladalen Naturhus si utstilling om Vest-Jotunheimen og Utladalen Landskapsvernområde. Vandring langs Folkevegen til Vetti Gard (tek ca 1 time), for middag, sosialt lag og overnatting. 


 

Dag 2: Dagstur med Utladalen som utgangspunkt

Ein kan gå turar i fjellet med eller utan guide med Utladalen som utgangspunkt. Guiden vil møta på Vetti Gard til frukost for å gjennom ruta for dagen. Det er fleire flotte turar å gå frå Vetti Gard:

 
Furu i Hjelledalen. Foto: Charlotte Trones

Furu i Hjelledalen. Foto: Charlotte Trones

1) Vetti Gard - Vettismorki - Hjelledalen - Hjelle

Tidsbruk: ca 8 timar

Turen er krevjande, med bratt stigning frå Vetti til Vettismorki. Turen vidare mot Hjelledalen går i kupert terreng med ein del stigning. Ein kan også velja å gå turen andre vegen, med start på Hjelle.

Delar av turen går i myr og bratt terreng, så gode sko er viktig. 


Utsynspunktet på oversida av Vettisfossen. Foto: www.bulderogbrak.no

Utsynspunktet på oversida av Vettisfossen. Foto: www.bulderogbrak.no

2) Vetti Gard - Vettisfossen utsynspunkt - Vettismorki - Vetti Gard

Vettisfossen er eit imponerande syn sett frå toppen, med vatn i fritt fall i heile 275 m. Turen er moderat i vanskegrad, og kan gjennomførast av dei fleste. Tidsbruk: ca 4 timar t/r.


Vegen frå Stølsmaradalen mot Avdalen Gard byr på mange flotte utsynspunkt mot både tindar, Utladalen og Vettisfossen. Foto: www.bulderogbrak.no

Vegen frå Stølsmaradalen mot Avdalen Gard byr på mange flotte utsynspunkt mot både tindar, Utladalen og Vettisfossen. Foto: www.bulderogbrak.no

3) Vetti Gard - Stølsmaradalen - Avdalen Gard

Tidsbruk: ca 6-8 timar

Turen frå Vetti Gard er krevjande med bratt oppstiging frå elva Utla og heilt opp til Stølsmaradalen. Deretter held ruta fram over kupert terreng utover Utladalen, før ein slepp seg bratt ned mot Avdalen Gard. Turen går gjennom myr og bratt terreng, så gode sko er viktig.


Avdalen Gard

Vertskapen i Avdalen dekkar til for grupper i den flotte fjøsen. Foto: www.bulderogbrak.no

Vertskapen i Avdalen dekkar til for grupper i den flotte fjøsen. Foto: www.bulderogbrak.no

Turen frå Vetti Gard via Stølsmaradalen til Hjelle inkluderer ein stopp på idylliske Avdalen Gard. Fjellgarden Avdalen Gard er restaurert og tilbyr overnatting og servering heile somarsesongen, omkransa av vakkert kulturlandskap. Det går til dømes an å ønskja seg viltgryte med god drikke ved ankomst, noko som smakar fantastisk etter 6-8 timar på tur høgt over Utladalen.


Tya Bar i Øvre Årdal

Godt handverksøl kan gjerne kombinerast med både spekepølse, smaksrike ostar og Tya Bakeri sitt eige "ølbrød" bakt på mellom anna mesk etter ølproduksjonen. Foto: Tya Bar

Godt handverksøl kan gjerne kombinerast med både spekepølse, smaksrike ostar og Tya Bakeri sitt eige "ølbrød" bakt på mellom anna mesk etter ølproduksjonen. Foto: Tya Bar

Etter ein god stopp i Avdalen går turen vidare til Hjelle for transport til Tya Bar, som ligg i sentrum av Øvre Årdal. Tya Bar gir deg ei komplett baroppleving med fokus på godt handverksøl brygga hjå Tya Bryggeri i nabolokalet, fotball og shuffleboard. Tya Bar tilbyr eigne opplegg for ølsmaking - gjerne i kombinasjon med smaksprøvar av lokalmat frå Sogn. 


Klingenberg Hotel

Klingenberg Hotel ligg flott plassert på kaien på Årdalstangen med Sognefjorden som kulisse. Foto: Jan Ove Skjerping

Klingenberg Hotel ligg flott plassert på kaien på Årdalstangen med Sognefjorden som kulisse. Foto: Jan Ove Skjerping

Ein lang og opplevingsrik dag bør avsluttast med litt komfort og ei god seng, så ei natt på Klingenberg Hotel er det neste på programmet. Ein 3-rettars middag på Strondi restaurant sikrar at ein ikkje treng å gå svolten til sengs, og om ein vil kan ein slappa av med god drikke ute i hotellhagen med vakker utsikt over Sognefjorden.  


Dag 3:

Bulder & Brak Opplevingar tek folk med på tur i kajakk. Foto: www.bulderogbrak.no

Bulder & Brak Opplevingar tek folk med på tur i kajakk. Foto: www.bulderogbrak.no

Padling på Årdalsvatnet

Etter ei god natt med sømn og ein lang frukost på Klingenberg Hotel, er ein alltid klar for nye opplevingar. Ein kan velja å gå tur igjen, fiska eller ta ein guida tur i kajakk på anten Årdalsfjorden eller Årdalsvatnet. Ein kjem nær både landskap og dyreliv i ein kajakk, og får sjå fjella frå ein imponerande vinkel. 


Opplev Årdal du også!

Årdal har mykje å by på for dei som ønskjer seg naturopplevingar i verdsklasse kombinert med god mat og drikke og god service. For meir informasjon om ulike pakker i Årdal, ta gjerne kontakt med oss på epost post@vettisriket.no.