4 opplevingar som er verdt ein omveg

Vettisriket gir deg fire opplevingar i Indre Sogn som verkeleg er verdt ein omveg. Desse opplevingane ligg ikkje langs hovudvegen, men byr på desto større wow-faktor. Tek du sjansen på å ta av? Årdal finn du ved å anten følgja RV 53, ved å ta av mot Årdal frå Turtagrø eller ved å følgja vegen heilt inn Sognefjorden i staden for å køyra rett forbi.

1) Skogadalsbøen

Trine Marie Johansen og Ole Martin Moen er vertskap på Skogadalsbøen. FOTO: Skogadalsbøen/DNT 

14 km frå næraste bilveg ligg Jotunheimen sin juvel, Skogadalsbøen. På Bøen er det nett som om tida står stille og det er lett å senke skuldrane, sleppe taket på jaget og finne glede i den vakre naturen sin rolege sus. Ta ein dag mellom bakkar og berg med yoga, toppturar, buldring eller under eit teppe framfor peisen. Skogadalsbøen har eit ungt vertskap frå Årdal, som tek i mot deg med varme og humør. Tør du gå glipp av dette? 


2) Tya Bakeri | Kafè

 Tya Bakeri held ope kvar dag heile somarsesongen, og byr deg på kortreist bakst laga med ein ekstra dose kjærleik. FOTO: Linda Borlaug

Tya Bakeri held ope kvar dag heile somarsesongen, og byr deg på kortreist bakst laga med ein ekstra dose kjærleik. FOTO: Linda Borlaug

Tya Bakeri er eit relativt nystarta handverksbakeri som ligg i sentrum av Øvre Årdal.  Bakeriet i Lom var ein klar inspirator for prosjektet då det starta i 2015, og Tya Bakeri har blitt eit populært innslag i lokalsamfunnet. Tya Bakeri tilbyr kundane sine gode, lokalproduserte bakevarer utan kunstig tilsetjing og med bruk av lite gjær. Lang hevetid og bruk av eigen surdeig gir betre smak og god haldbarheit. Varene sel dei i eige utsal i sentrum av Øvre Årdal, men også på Strondi kafè på Årdalstangen og på Vivendi i Lærdal. I utsalet finn du eit godt utval kaker frå konditorane deira, og dei tilbyr også påsmurte snittar, baguettar og sin eigen berømte foccacia. Tya Bar serverer lokalt øl frå Tya Bryggeri og andre småskala bryggeri. Meir informasjon: www.tyabakeri.no


3) Indre Ofredalen "Ne`fø sjøen"

Køyrer du gjennom tunnelen frå Seimsdalen til Ofredalen og følgjer vegen heilt ned til fjorden, så kjem du til eit historisk anlegg. Frå tidleg på 18-hundretalet og fram til siste verdskrigen var dette vesle fjordsamfunnet, Indre Ofredal, ein travel stad basert på vatn som drivkraft til mølla og sagbruket. Skogen i Ofredal hadde, og har, god kvalitet. I Ytre Ofredal fanst det eit steinbrot - og kvit granitt frå dette steinbrotet finn du i dag på Grand Hotel i Oslo. Produkta frå sagbruket i Indre Ofredal vart frakta til Bergen med eigen sognejekt og attende hadde ein med kjøpmannsvarer som vart vidareselde til sogningar som kom i robåt for å handla og mala korn. Den gamle mølla, som er laga i tre, kan du framleis sjå den dag i dag. 

Open somarkafè og hyggeleg vertskap!


4) Vetti Gard Turiststasjon

Vetti Gard Turiststasjon ligg i hjarta av Utladalen, som er eit landskapsvernområde du ikkje kan nå med bil. Bilen må du setja fint frå deg på parkeringa ved Hjelle, for så å ta fat på den ca 4,5 km lange "folkevegen" innover dalen.  På veg innover dalen kan du nyta dramatiske fossefall og eit usedvanleg frodig landskap. På Vetti Gard Turiststasjon kan du overnatta eller berre besøka somarkafèen. Frå Vetti Gard er det naturleg å ta seg inn til Vettisfossen - som vart kåra til Noregs vakraste foss for nokre år sidan. Kulturlandskapet rundt Vetti Gard blir halde i hevd ved hjelp av godt skjøtselsarbeid utført av Utladalen Naturhus, og beitedyr. Ta turen inn i Noregs vakraste dalføre du også! 

 Idylliske Vetti Gard - her kan du overnatta, nyta god mat, helsa på beitedyr og slappa av i vakre omgjevnader. FOTO: www.vettigard.no

Idylliske Vetti Gard - her kan du overnatta, nyta god mat, helsa på beitedyr og slappa av i vakre omgjevnader. FOTO: www.vettigard.no